Fjordblues 2017
Fulle hus og publikumsrekord !
FjordBlues 2017 er over og Fjæra Bluesklubb har gjennomført sin 20 ande festival på like mange år.
Vi blir heilt overvelda over alle positive tilbakemeldingar vi har fått på og etter festivalen. Og sjølv om vi blir veldig brydde og flaue av å få så mykje skryt, og kanskje kjem med noke bekjedent vrøvl til svar, skal de vete at vi tek det til oss. Det er utruleg motiverande når folk set pris på alt det arbeidet som vi legg ned for å gjere FjordBlues og andre arrangement best muleg.
20 års Jubileet vart ein gedigen suksess ! Vi hadde nesten fulle hus på alle 20 enkeltkonsertane på desse tre dagane. BarneBluesen på torsdag med bandet «Du og Eg og Vi 2 – 3 – 4» hadde så mykje påmelding at vi måtte sette opp to forestillingar i Kultursalen. Det totale publikumstalet på alle arrangementa under festivalen var godt over 1800 !
Dette knusar alle tidlegare publikumstal, men så hadde vi også mange fleire arrangement under FjordBlues 2017 enn tidlegare.
Det er heilt utruleg moro å være arrangørar med so fulle hus, og når publikum smiler og kosar seg.
Musikalsk vart det mange høgdepunkt. Å høyre Dana Fuchs igjen var eit av dei store, og når ho «tok heilt av» til slutt på fredags kvelden var det heilt fantastisk. Moro var det og at Aaron Keylock plutseleg gjekk på scena og spelte saman med dei.
Firdabandet Immature Avocados viste stort talent, og bør melde seg på BluesCupen til neste år !
Kanskje dei kan følge i SILO sine fotspor etterkvart. SILO var igjen ein stor opplevelse å høyre, dei blir berre beire og beire.
Av «nye» band som vår kjære bookingsjef har funne tak i til årets festival var det vel Cordovas som imponerte flest av publikum, og igjen er Leif Egil på hugget og får dei hit først.
Så var det utruleg kjekt å endeleg kunne få Daniel Eriksen til FjordBlues og Sandane. Han var like engasjert på alle fire konsertane, og viste at han fortjener å bli kalt ein av dei store innan norsk blues. Takk for ein kjempejobb Daniel.
Hannah Aldridge er eit anna høgdepunkt eg vil trekke fram. Ho er ein utruleg artist med mange fine låtar. Og når ho spela ein av dei låtane eg likar best måtte eg berre springe ut frå intervju med lokalavisa Firda Tidend for å høyre på.
Rick Estrin & The Nightcats med gitaristen Kid Andersen avslutta festivalen laurdag på hovudscena medan Dave Fields avslutta nede i kjellaren. Begge stader blei det ein forrykande finale, og eg trur det var fleire enn meg som sprang opp og ned for å prøve å få med seg begge deler.
Tusen takk til alle artistar for kjempeflotte konsertar.
Eg vil og takke alle som har vore med å jobba for å få i stand og gjennomføre FjordBlues 2017. Både dei i klubben, vakter, teknikarar, ansatte og vertskap på Gloppen Hotell, Trivselshagen, Lauget og nye Fjæra Mat. Og spesielt vil eg i år takke Atle Nygård i Firda Tidend som har gjort ein stor jobb for oss i alle desse 20 åra. Med utforming av flotte Plakatar, annonser, programhefte og anna matriell.
Så vil eg takke alle sponsorar, støtteordningar og støttespelarar. Utan dokke kunne vi ikkje ha klart å skape ein slik kvalitetsfestival og likevel operere med forholdsvis rimelege billettprisar. I tillegg klarar vi å arrangere ei rekke gratiskonsertar for barn og unge. Noko vi synes er viktig og kjempemoro å få til.
Men Viktigast av alt - Eg vil takke alle dei som kom på FjordBlues 2017. Frå fjern og nær. Alle voksne og alle ungdomar og alle born som besøkte arrangementa våre. Tusen Takk.
Hans Andenæs
Festivalsjef