Oddny (N)

Oddny er årets gjennombrotsband i Sogn og Fjordane. Medlemmane i bandet er alle tidlegare Firda-elevar og kjem frå Bremanger, Førde og Sandane. I løpet av kort tid har bandet verkeleg gjort seg bemerka noko som resulterte i Luttprisen 2024 i kategorien «Årets nykommar». Dei platedebuterte i fjor haust med EP-en «Eg trur at eg må spy/Våte sko». Låta «Oktober, Bergen by» blei A-lista på nasjonal NRK P1. Musikalsk så opererer bandet i landskapet folk, pop, rock med underfundige tekstar, sjølvsagt på norsk. Med dei musikalske og tekstlege kvalitetane som desse karane viser så blir det spanande å følje dei vidare.