Marius Lien med band (N)
Marius gav ut sitt første album «The Woodland Songbook part I» i fjor og det resulterte i Spellemannsprisen i Blues-klassa på første forsøk. Marius har gjort seg bemerka med sin fantastiske spelestil, låtskriving og produksjon. Inspirasjonskjeldene er mange og han blandar blues med andre sjanger og stiluttrykk frå americana til vest-afrikansk musikk. Marius er definitivt ein del av den «nye vinen» i norsk blues der han dreg oss med inn i sitt eige kreative univers. Marius stiller saman med sitt faste band på FjordBlues.