Krissy Matthews & the Viking Bluesband (UK/N)
Norsk-engelske Krissy er eit gitarfenomen som etterlet seg eit begeistra og forbløffa publikum når han går av scena. Han var 12 år gamal då han delte scene med gudfaren i britisk blues John Mayall og mottok karriereråd frå BB King. The Viking Bluesband består av Kåre Amundsen og Trond Hansen. Eksklusivt for FjordBlues deltek også vokalist og frontkvinne i bandet Pristine, Heidi Solheim. Med the Viking Bluesband går Krissy tilbake til sine bluesrøter og leverer eit bluesshow som har gått sin seiersgang på landets bluesklubbar i vår. Forsterka med Heidi Solheim blir dette garantert dynamitt!