Bluesklipperz

Fjordblues har lang tradisjon med å presentere unge musikarar frå musikklinja på Firda vgs. Slik vert det heldigvis også i år. Bandet har teke det klingande namnet Bluezklipperz og er ein gjeng speleglade 3.klassingar. Bandet byr på både kjende og mindre kjende songar og lovar ikkje mindre enn ei legendarisk bluesoppleving ! Bluezklipperz består av Mana Sørgård på keys, Eirin Berdal på vokal, Mathias Takle på trommer, Jarand Oksnes på bass og Eline Totland på gitar.