1IDA (N)

1IDA er eit rykande ferskt band frå Firda vgs. Dette er ein vennegjeng på 5 personar som vart kjent gjennom skulen og blei inspirert til å starte band. Musikalsk inspirasjon hentar dei frå blueslegender som Stevie Ray Vaughan, BB King og John Mayer. Dei nevner også vinnaren av Spellemanprisen Marius Lien som ei inspirasjonskjelde. Ekstra kjekt er det då at dei skal dele scena med nettopp Marius Lien under årets Fjordblues.