Dea Matrona (NIR)

Dette er bandet til venninnene Mollie McGinn og Orlaith Forsythe frå Belfast, Nord-Irland. Bandet blei «oppdaga» gjennom sine gatekonsertar i Belfast som havna på Youtube med millionar av visningar. Bandet turnerer no Europa rundt på store og små festival og har i sommar varma opp for mellom andre Sheryl Crow og Shania Twain. Bandet er ute med sitt første album «For Your Sins». Dei hentar inspirasjon frå dei gamle mestere frå 1960- og 70-talet som Fleetwood Mac, Led Zeppelin og Beatles. Dei let seg imidlertid ikkje sette i bås og hentar også inspirasjon frå indie pop/rock og artistar som HAIM, The White Stripes og Arctic Monkeys. Som første festival i Norge så er Fjordblues svært stolte over å kunne presentere Dea Matrona.