Danny & the Champions of the World (UK)

Danny Wilson og gitarist Paul Lush har tidlegare vitja Fjordblues som duo men no kjem dei med fullt band ! Dette blir ei feststund med eit live band av dei sjeldne. Dei er vinnarar av ei mengde UK American Award prisar. Benevninga «Heartland Rock» vert ofte nytta for å beskrive musikken deira. Dette gir assosiasjonar til Springsteen og the E Street Band frå 1970-talet, noko som slett ikkje er feil. Bandet sitt sjuande album «You are not a Stranger Here» har lanseringsdato fredag 18.oktober som også er datoen dei står på Fjordbluesscena ! Førebels er det slept 2 singlar frå albumet. Sjekk ut på Spotify og Youtube.