Hannah Aldridge (US)
Hannah Aldridge frå Muscle Shoals, Alabama er godt kjent for Fjæra Bluesklubb og Fjordbluespublikummet. Denne gongen kjem ho imidlertid til Sandane med fullt band for fyrste gong og eit fantastisk nytt album i kofferten. Med sitt filmatiske uttrykk så er albumet «Dream of America» eit blikk frå samfunnets undergrunn gjennom linsa til ei falmande Hollywood stjerne, sjarmerande psykopatar og slitne omstreifarar. Hannah har gjennom dette albumet verkeleg stadfesta sin posisjon som dronninga av «Americana Noir».