The Cinelli Brothers (UK)
Embla and the Karidotters (N)
Good Time Charlie (N)
Plas Hervouët Band (FR)
McKinley James (US)
Ask Carol (N)
Adama Janlo (N)
Spik Adel (N)
Blåmann (N)
Sandane 16.-19.oktober
Når haustfargane igjen kler fjella rundt Gloppefjorden så har tida komen for Fjordblues igjen. Festivalen med den stemningsfulle atmosfæra og intime konsertane der publikum kjem tett på kremen av norske og utanlandske artistar innan eit breitt spekter av blues, roots, americana og beslekta musikkformer. I år set Fjordblues ned aldersgrensa til 18 år og innfører ungdomspass for alle i alderen 18-26 år til kun kr 600,- for ei helg full av musikalske opplevingar på Gloppen Hotell.
Fjordblues er festivalen der du kan oppleve vitale veteranar som Good Time Charlie som lanserer sitt nye album under Fjordblues og Spik Adel frå Bremanger med meir enn 40 års fartstid som gamlefylket, Sogn og Fjordane, sitt flaggskip blant roots og americana band.
Fjordblues sitt fremste kjenneteikn er å sette unge og fremadstormande artistar på plakaten. Mellom årets unge artistar finn vi Adama Janlo som er aktuell med sitt første album. Ho er blant dei mest spennande nye stemmene i norsk soul og blues. Ask Carol er indie-rock-duoen som sjarmerer og briljerer med heftige låtar, røffe gitarar men også mjukt og sårbart med ein nordisk, melankolsk vri. McKinley James er ein ung gitarhelt frå Nashville med ei gammal sjel. Han blandar rock & roll, soul og rå rhythm & blues i eit lydbilete som er både retro og moderne.
Plas Hervouët Band frå Frankrike krydrar årets program med sin franske vri på blues, celtic og country. Rachelle Plas er ein virtuos på munnspel og har ei stemme som blandar soul og sensualitet. Duoen sitt ferske album får si internasjonale lansering under Fjordblues. Embla Karidotter, tidlegare trommeslagar i indiebandet Razika, har funne sitt musikalske heimland i country og americana. Musikken er jordnær, ærlig og full av liv – med pedal steel, honky tonk og nordisk nerve.
The Cinelli Brothers er ein eksplosiv kvartett frå London med italienske røter. Live-showa deira er intense, energiske og fulle av sjel – ekte «Cinelli experience»! Tradisjonen tru står det eit band frå Firda vgs på plakaten. Medlemmane i bandet Blåmann er elevar ved musikklinja på Firda vga. Ein dyktig og motivert gjeng som spelar blues og rock med låtar og inspirasjon frå artistar som Joe Bonamassa, Stevie Ray Vaughan og Elvis !
Årets program har stor bredde og variasjon og spenner frå internasjonale toppnamn til sterke, norske og lokale artistar. Fjordblues handlar om musikken, møta mellom publikum og artistar og dei gode musikalske opplevingane.
Fjæra Bluesklubb er medlem av Norske Konsertarrangører og Norsk Bluesunion
Medlemsskap i Fjæra Bluesklubb kostar kr 400,- pr år og gir redusert billettpris til klubben sine arrangement.
Som medlem mottek du også 5 nummer årleg av magasinet Bluesnews.
Betal medlemskontingent kr. 400,- til konto 3705.22.50049 og du vil motta medlemskort og Blues News i posten.
Fjæra Bluesklubb organisasjonsnr. 988416339
post@fjordblues.no – booking@fjordblues.no
You should choose a search result page. You can choose the page from the Theme Options > Events > Event Search Results Page option.
This site uses cookies. Find out more about cookies and how you can refuse them.