Artistar 2019 - Fjordblues

Gå til innhold

Hovedmeny:

Artistar 2019

Artistar Fjordblues 2019

Hannah Wicklund and the Steppin’ Stones (US)
Hannah er kun 22 år gamal, kjem frå South-Carolina og har gjeve ut 3 album og spelt over 2000 konsertar. Då kan vi forstå at ho faktisk starta sitt første band kun 8 år gamal. Denne jenta er eit musikalsk kinderegg med alle sine kvalitetar. Ho er ein ypparleg gitarist, har ei fantastisk stemme med særpreg og ikkje minst skriv ho gode låtar, utstråling manglar heller ikkje. Ho hentar inspirasjon frå klassiske rockeartistar som Tom Petty og Neil Young men har ein ungdommeleg energi og har mykje til felles med sterke kvinnelege profilar som Chrissie Hynde og Susan Tedeschi. Etter 2 cruise i Middelhavet i august saman med m.a. Joe Bonamassa, Peter Frampton og Jon Bon Jovi og ein lang Europa turne så avsluttar ho Europa-opphaldet på Fjordblues. Ho gjere både ein eksklusiv akustisk konsert i tillegg til konsert med sitt faste band. Vi er svært stolt over å kunne presentere dette spesielle talentet for fyrste gong i Norge !

Doug Seegers (US)
Doug er tilbake på Fjordblues med ny plate i bagasjen «A story I got to Tell» som like godt fekk terningkast 6 i Dagbladet. Doug har verkelege ei sterk historie å fortelle med fleire år som rusmissbrukar , uteliggar og gatemusikant i Nashville. Livet endra seg då hen blei oppdaga av eit svensk TV-team og han blei invitert til Sverige der han dei siste åra har blitt reine superstjerna. Doug kallar seg gjerne Americana-artist der han blandar både country, gospel, soul, rockabilly og ein liten dose blues kan han også by på. Dette er ein artist med ei unik stemme og formidlingsevne med både mykje kjærleik, smerte, sorg og glede som vitnar om erfaring og eit levd liv.

Elles Bailey (UK)
Frå Bristol i England kjem Elles Bailey med sitt band. Med si hese og særprega røyst har ho teke både det engelske og europeiske roots og americana publikummet med storm. Ho har 2 album bak seg der det siste «Road I Call Home» blei innspelt i Nashville og utgitt i vår. Plata fekk glimrande mottaking og markerte seg høgt på roots/americana listene i England. Ho har blitt ein ettertrakta konsertartist med både i Englan og Europa med fleire store festivalopptredener. Dette er musikk henta frå hjertet av dei amerikanske sørstatane. Ein miks av rock, blues og soul med sørstatstwang ispedd ein solid dose roots og americana.

The Jelly Roll Men feat Knut Reiersrud (NO)
Når Norges fremste autentiske old-school bluesband slår seg saman med heile Noregs bluesgudfar, Knut Reiersrud, så kan vi forvente ei unik oppleving. Dette samarbeidet er rykande ferskt då dette blir den andre opptreden dei gjer saman. The Jelly Roll Men spelar old school, low down blues – slik det er meint å spelast. Deira konsertar er ein komplett pakke! Den rette lyden, den rette utsjånaden, haldninga og den rette følelsen ! Det er difor ikkje til å undre seg over at Knut Reiersrud ved fleire anledningar har hylla dette bandet opp i skyene. At dei no ved spesielle anledningar opptrer saman berre understrekar kvaliteten som dette bandet har. Knut og gutta i Jelly Roll Men er ekte vare ute på oppdrag for å sikre at den nesten gløymde kunsten å spelee tradisjonell blues overlever.

Danny Wilson (Danny and the Champs) (UK)
Vi tør påstå at Danny Wilson er mannen bak England sitt fremste Americana/roots band, Danny and the Champions of the World. Ved etableringa av den prestisjetunge UK Americana Award i 2016 gjorde bandet så godt som reint bord med prisar for beste band, årets album og årets låt. Danny er ein ypparleg låtskrivar og songar med påvirkning frå det beste av amerikansk rootsmusikk frå Stax soul til Springsteen og the Band. På Fjordblues får vi oppleve Danny i duo-format saman med sin kollega frå the Champs, gitaristen Paul Lush.
TORA (NO)
TORA er eit fyrverkeri av eit band med 25 år gamle gitarist og vokalist Tora Dahle Aagård i spissen. Ho har gjort seg bemerka høgt og lågt med sin unike energi, tilstadeverelse og leikne musikalitet. Musikken befinner seg i eit bluesinspirert pop-rock-landskap. I februar 2019 slapp TORA sitt debutalbum TORA. Dagbladet omtalte det som ein «Lovende debut fra ny, kvinnelig gitarhelt», medan Adresseavisen meldte at «Tora er i ferd med å finne et særegent uttrykk, samtidig som de behersker moder-sjangeren. Unge, flinke og utforskende musikere, frontet av en dyktig vokalist som har noe ekstra ved seg, bør være musikk i blueselskernes, og mange andres, ører.». I sommar har TORA spelt på mange festivalar mellom anna Notodden Blues Festival og har blitt eit svært ettertrakta namn på norske konsertscener.

Maldito (NO)
Maldito vant Union Blues Cup på Notodden Blues Festival I 2018. Alle medlemmar har studert ved Paul McCartneys Liverpool Institute for Performing Arts. Dette er eit eksepsjonelt talentfullt bluesrock band. Maldito kjem frå Trøndelag, men blei danna i England våren 2015 av Vegard Trenmo Ring og Bendik Brevik under opphaldet ved Paul McCartney skulen i Liverpool. Bandet blei stifta med inspirasjon frå den skitne bluesen frå 1940–50-talet i tillegg til eit meir moderne bluessound frå artistar som Rivals Sons, Jack White og The Black Keys. Bandet slepte sin debut EP «Stay» i februar og har i heile år turnert landet rund i tillegg til turnear og konsertar i Tyskland og Storbritannia.

D’Mens (NO)
D’Mens frå Måløy består av 6 kvinner og menn med lang erfaring frå ulike band og prosjekt mellom anna det smått legendariske Rubber Bisquit Rhythm and Blues Band. Bandet har eit stort og variert repertoar som består av både rock, blues, roots og pop frå 1960-talet og fram til i dag. Noko eige materiale byr dei også på. Dei har opparbeida seg eit svært godt renomè som live-band og desse dyktige musikarane er garantistar gode musikkopplevingar og ikkje minst god stemning.

Anita Nordheim Blues n’ Groove Company (NO)
Anita Nordheim frå Høyanger har vore musikalsk aktiv i ei rekkje band, prosjekt og sjangrar sidan ho var ei lita jente. No har den rutinerte vokalisten og saksofonisten starta eit nytt overskotsprosjekt i form av eit blues- og grooveband som hentar musikken sin frå nokre av dei mest særprega kvinnelege artistane i musikkhistoria. – Låtane vi spelar er signert nokre av mine førebilete då eg vaks opp som Etta James, Koko Taylor og Aretha Franklin. Dette var sterke kvinner som bana veg for oss som kom etter, og som gav alt dei hadde, både på scena og i kulissane. Dette er ein hyllest til bluesdamene der musikken deira står i sentrum. – Dette er vanvittig flotte songar med mykje trøkk og følelse, om ein gjer dei rett. Dette er ekte saker der det ikkje kjem noko mellom oss som musikarar og publikum. Her finst det ingen effektar eller staffasje, berre rein, rå speleglede.

Delta Daisy (NO)
Delta Daisy består av Renate Nekstad, (vokal og gitar) og Peter Zehentbauer(gitar). Duoen bur på Nordfjordeid og spelar tradisjonell akustisk blues frå ca 1928 - 1940. Robert Johnson, Willie Brown, Big Bill Broonzy og andre av dei gamle gutta er til stor inspirasjon for duoen. Renate gir, med si mørke, røffe stemme, ein spesiell kvalitet til dei gamle songane. Peter har alltid vore fasinert av speleteknikken til dei gamle gutta og han lært seg den gamle finger picking teknikken. Renate og Peter synes det er viktig at bluesen sine røter fortsatt skal få leve. Dei vil også spele eigne låter og arrangement frå andre artistar som Mary Flower og Muddy Waters. Alt i alt, mykje gamalt og litt nytt.

 
Mikkel og Reverockerne (NO)
Årets barnekonsert er det luringane Mikkel og Reverockerne som står for.Ja for nokre skikkelege luringar er dei. Veit du kva dei gjer ? Dei knabbar tekstane frå kjende barnesongar som ”Mikkel Rev”, ”Bæ, bæ lille lam” og ”Når trollmor har lagt sine elleve små troll” Så forandrar dei ørlite på songene, spelar dei på ein rocka måte og sier dei har laga dei sjølv. Makan ! Alle veit jo at Mikkel Rev for eksempel er skrive av ... av ... ja, i alle fall ikkje av Mikkel og Reverockerne. Dei er verkeleg nokon sleipe og sleske karar. Men kanskje det kan bli ein bra konsert likevel ?

Coons (NO)
Vi held fram tradisjonen med å invitere band frå Firda vgs til å delta på Fjordblues. Årets band kallar seg Coons og spelar blues rock med inspirasjon frå blueslegender som BB King, Jimi Hendrix, Stevie Ray Vaughan og nyare artistar som John Mayer. Coons består av Marius Aarntsen (Sax) Håvard Sætre (Gitar) Oddmund Voll (bass) og Mikal Høstaker(slagverk). Til Fjordblues har dei også med seg Sølvi Kvam på vokal.

 
 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen