Fjordblues

Gå til innhold

Hovedmeny:

Fjæra Bluesklubb

Feirar 25 år i 2016

Hovudsponsorar
Fjordblues

  
    



Sponsorar:

























Fjæra Bluesklubb er støtta av:



  
 
Hannah Aldridge (US)
Konsert på Heimekontoret på Øyrane
Torsdag 17.november kl 20.00 
(dørene opnar kl 19.30)

Fjæra Bluesklubb er stolte av å kunne presentere ein slik flott artist på ei så intim scene.
Få kvinnelige artistar klarer å fange essensen av Americana musikk som 28 år gamle Hannah Aldridge. Ho er ein fantastisk låtskrivar og musikken spenner over roots, blues, countrysoul og meir rocka låtar.

Hannah utstrålar sjølvtillit og sjølvstendigheit. Ei sterk, ung kvinne frå dei amerikanske sørstatane med krystallklart syn. Og ho formidlar låtane sine med si karakteristiske og flotte stemme. Etter suksessen med intimkonsertane under FjordBlues har vi som mål og også kunne arrangere slike konsertar ellers gjennom året. Så når vi fekk tilbod om å få henne til Sandane var vi ikkje i tvil.

Dette blir endå eit musikalsk høgdepunkt i jubileumsåret til Fjæra bluesklubb.

Aldersgrense 18 år (servering øl og vin)

Det er kun 50 billettar for sal til denne konserten - så vær rask!


Silo vann Union Bluescup på Notodden Bluesfestival !
Vi gratulerar Silo som vinnarar av årets Union Bluescup. Alle medlemmar er elevar på Firda vgs og frå Bremanger. Vi i Fjæra Bluesklubb er svært glade og stolte over å ha vore med å støtta og heie fram dette bandet. Det neste året skal dei turnere norske klubbar og festival, truleg nokre utanlandske også. Dei blir sjølvsagt å sjå igjen på årets Fjordblues ! Lukke til som årets unionsband !

 
Fjæra Bluesklubb, årets bluesklubb 2015 !
Under Norsk Bluesunion sitt landsmøte på Kongsvinger 11.-13.mars blei Fjæra Bluesklubb kåra til årets bluesklubb. Leiar Hans Andenæs mottok på vegne av klubben heider og ære samt diplom som synleg bevis på utmerkinga.


Vellukka jubileumsfeiring 15-16 april
Fjæra Bluesklubb feira 25 års jubileum helga 15-16.april på Gloppen Hotell. Alan Haynes som var fyrste artisten som spelte for klubben i 1991 var tilbake og leverte 2 fantastiske konsertar. Lisa Lystam Family Band, Steinar Karlsen og Silo var med på å gjere dette til ei svært vellukka feiring som også inkluderte kunstutstilling, plakatutstilling og historisk tilbakeblikk på klubben.
 
Fjordblues 2016
Fjordblues 2016 blei ein stor suksess med fantastiske artistar og eit nøgd publikum. Her er link til reportasje frå Blues News si heimeside:

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen